Veke 1 (4. januar-10.januar)

Fyrste uken i barnehageåret starta med mykje kaldt ver. Klikk for stort bilete  

Året har starta roleg. Me har hatt fokus på at borna skal komme inn i dagsrytmen igjen etter juletida. Me har hatt samling kvar dagn. Nokre av samlingane våre handla om fargen blå som er temaet denne måneden. Me har hatt bursdagssamling og hatt yoga i samlingane våre. Etter samlingane har me som oftast kvilestund. Nokre dager er det berre nokre få minutter, mens andre dager har vi roen litt lengre. 

Det kalde veret som har vore denne veka har me fått utnytta maksimalt. Saman me borna har me fryst iskuler i ulike former og med ulikt innhald. Alle innehaldt noke i fargen blå. På biletene nedanfor kan me sjå korleis me laga iskulane og korleis dei ble når me hang dei på porten. 

Håper alle har hatt ein fin helg. Me gled oss til ein ny uke saman med borna. Soria Moria