Veke 51 (14. - 18. desember)

Nissen kom til Leirstaden!Klikk for stort bileteVi fekk ein ball av nissen. 

Enda ei veke er forbi, og vi har vore på turar, leika oss inne og ute,sunge julesongar og hatt adventssamlingar. Alle borna skal og ha fått med seg sine julehemmeligheter heim. Desse har vi brukt veka på å pakke inn. 

Fredag var veksa store høgdepunkt, nemleg nissefest. Borna hadde kledd seg ut og vi gjekk i ring inne på avdelinga med Tyrihans og song julesongar. Til lunsj var det deilig risgraut, nemleg nissens favoritt, og vi trur nok at nissen lukta den deilige julegrautlukta. For rett før vi skulle ete såg vi brått ein nisse inne på uteområdet vårt. Han kunne dessverre ikkje koma inn til oss på Flåklypa, men vi fekk vinke til han og si hei. Han hadde og med seg gåver, ein deilig skjokolade som vi fekk, ein til kvar. Det var stor stas. Så måtte han dra igjen, han hadde vel fleire born han skulle besøke. Kanksje har også han mykje og gjere no før jul?

På måndag i uke 52 var nokre av borna på tur på Sartor for å sjå på utstillingene der. Spesielt gøy var det med nisseutstillinga. Sjå på bileta kor koseleg!

Da dette er årets siste innlegg her på heimesida vår, takker vi alle for i året som har gått! Sjølv om ting har vore annleis enn vi skulle ønska, har vi mange gode minner og fine stunder saman å sjå tilbake på! Mange magiske augeblikk, lek, moro og latter. Det sett vi stor pris på!

Ynskjer dykk ein strålande fin jul og eit godt nytt år!