Veke 50 (7. - 11. desember)

Svart senker natta seg!Klikk for stort bilete 

Høgdepunktet denne veka var Luciafeiring på fredagen. Vi gjekk i luciatog inn til Tyrihans, vi song luciasongen, hadde med oss lys og etterpå åt vi deilige lussekatter. Borna var meget nøgde. 
 

Flåklypa har også denne veka holdt på med julehemmeligheter, som dykk snart skal få sjå, då vi no nærmar oss den store dagen. Det har og vore tid for adventssamlingar, julemusikk og mykje leik og moro. 
 

Grøne samlingar har vi og hatt, og ei av gruppene laga ei nydeleg grøn krans av granbar og LED-lys. Denne heng på avdelinga og lys opp mørket. Den andre gruppa farga juletre til å henge på avdelinga.

Ute har vi og vore mykje, og vi likar oss spesielt godt på haugen. Der får alle borna litt luft under vingane sine. 

Takk for ei flott veke saman med herlege born!