Veke 49 (30.november - 4. desember)

Ventetiden er i gang.

Klikk for stort bilete 

Denne veka har vi komt inn i desember månad, noko som er stas for små og store. Vi har hatt adventssamlingar med trekking av pepparkakehjarte. Nokre born har vore heldige og blitt trekt ut som vinnarar, mens nokre klarte ikkje skjule skuffelsen over å ikkje få hjarte med heim. Vi øvar på å være glad på andre sine vegne, og tryggja dei i at alle skal få med seg pepparkakehjarte sitt heim før jul. I adventssamlinga ser vi og Fantorangen og syng litt julesongar.

Utekino vart det og på oss denne veka, vi såg Karsten og Petra sin julefilm mens vi åt frukost. Etterpå var det uteleik. Det vart ein suksess, så vi får sjå om vi ikkje finn på å gjere det igjen ein anna dag. Torsdag var det spontan juledisco på avdelinga, med julemusikk og discolys. Svette og glade born kom ut ifrå discoen.

På fredagen hadde vi ei ordentleg stor adventssamling i grillhytta, med bål, song, og lunsj. Det var ein Rampenisse som hadde ordna med gåve til Flåklypa borna. Det var ein boks med pepparkaker. Dei smaka ordentlig godt, tusen takk Rampenissen!

Vi har og vore på tur denne veka, og vi har laga jule hemeligheiter som dykk sjølvsagt ikkje får vite om heilt enda. Borna er engasjerte i prosessen, så det er mange glade og spente born på Flåklypa for tida. 

Monika styrer, som borna kallar ho, hadde sin siste dag i barnehagen i dag. Ein trist, men høytideleg dag. Hadet, Monika, takk for no. Du er super!!!

Ynskjer dykk ei fin adventshelg!