Veke 48 (23. - 27. november)

Venskapsveke.Klikk for stort bilete  

Det er alltid kjekt å ha litt ekstra fokus på venskap. Vi er ikkje opptekne av bestevener, men at alle skal ha nokon å vera i lag med. Vi kan alle ha ulike typar venskap. Nokon leikar vi med bilar med, mens andre er det gøy å disse med ute. Alle disse gode relasjonar og gode venskapa må vi teke vare på. 

Vi har laga flotte måleri denne veka. Dei har vi klipt ut i hjarteform og hengt til pynt på haugen saman med hjarte frå dei andre avdelingane. Det er stas å sjå kunstverka våre utstilt, og gøy var det å få måle med bomull. 

Vi har vore på venskapstur, der hadde den eine gruppa med seg kakao, mens den andre gruppa gjekk til Elvarheimen for å levere eit peparkakehus som nokre av borna har vore med å pynta og satt saman denne veka. Dei sate pris på å få peparkakehus av oss, og borna syns det var kjekt å gjere noko annleis.

På fredagen laga vi venskapsarmband til kvarandre. I år fekk alle bokstaven sin på armbandet, noko som gjorde det enda meir personleg. Det var mange smil å sjå bland borna, både når dei gav og når dei fekk. Vi las også ei bok om Mathias. Mathias er åleine fordi venen hans er i full leik med ei ny jente, då blir han både sint og lei seg. Resten av forteljinga må dykk spørje borna dykkar om. Dei var engasjerte i historia, så dykk får nok mange gode svar. 

Heile uka har vi høyrd på venskapssongar og snakka mykje med borna om kva ein ven er. Dei to eldste gruppa med born har vi begynt å ha venskapsintervju, kor dei fekk fortelje om korleis dei har det i barnehagen, kven dei leikar med og anna. Dei som ikkje har hatt får i løpet av desember månad.

Leik og moro bind saman, og ein god latter på toppen gjer at vi får dei magiske augeblikka i barnehagen, noko vi har hatt fleire av denne veka. Det set vi stor pris på! Adventsstjerna vår har og kome opp og peparkake-kalenderen vår ligg klar for 1. desember. Det er mykje spenning i lufta, og vi gler oss til julemagien.

Ynskjer dykk ei god helg og spesielt ein fin 1. søndag i advent.