Veke 47 (16. - 20. november)

Vinter og føradvents-kos på Flåklypa.Klikk for stort bilete 

Denne veka har vi hatt samlingar om kropp

Kroppen har vi og tatt i bruk i skogen denne veka. Det er gøy å sjå utviklinga borna har på å klatre i trær, dei blir bare tøffare og tøffare, til glede og uro blant dei som står nede å ser på. Nokre av borna hadde fin rolleleik inne i ei pinne-hytte nokon hadde sett opp, mens andre var på oppdagelsesferd inne i skogen. Det vart ikkje turdag på alle borna denne veka, for vi hadde så mykje anna å finne på også, men mykje ute har vi vore. Når snøen kom måtte vi hvertfall ut, og ein snømann fekk vi og laga. Vi håpar at vi kan få til enda større snømenn i løpet av vinteren. Sist veke hadde vi tema om kroppen i samlinga. Vi tegna borna på et stort ark og etterpå hadde vi bevegelsessangar

November susar avgårde, og vi har pynta pepperkaker denne veka. Det var stas. Nokre av godbitene gjekk inn i munnen, men dei fleste havna på pepperkakehjarte. Vi høyrde sjølvsagt på julemusikk samstundes og borna ser fram mot kalendertida. Litt julegåver har vi også starta med, men dei vil vi ikkje fortelje så mykje om her på sida. Jula skal jo vere spanande for både liten og stor.

Ynskjer dykk ei fin veke inn mot advent!