Veke 46 (9. - 13. november)

Vi har laga pepperkake-hjarter til adventskalenderen vår.Klikk for stort bilete 

Det er mogeleg at vi er i byrjinga av november, men vi har starta så smått med førebuingane til jul denne veka. Vi skal ha adventskalender av pepperkakehjarter i år også, så desse må jo sjølvsagt vere klare allereie den 1. desember. 

Denne veka har vi feira fleire bursdagar, hipp hurra til alle bursdagsborna våre! Dykk er supre!

På haugen har det blitt måla med gul måling. Uteområdet vart veldig fint. Vi har også lest fleire bøker denne veka.

Vi har vore på tur til skogen med nokre born og ein leikeplass med resten av dei. Begge turgruppene våre kosa seg ute i full leik og fysisk aktivitet.

Fredag hadde vi musikksamlingar for borna. No
kre born laga historiar og så sang vi dei. Det var gøy å høyre dei fortelje dei mest eventyrlege historiar om hus, hekser og dyr. 
 

Ynskjer alle ei god helg!