Veke 44 (26. - 30. oktober)

Vekas høgdepunkt var bornas Forut-utstilling.Klikk for stort bilete  

Ei regnfull veke er over. Borna likar at det er nokre pyttar å hoppe i og litt vatn til å ha i bøttane sine. Det er ikkje alltid like kjekt å bli våt, men så lenge tørre klær ligg å ventar på dei inne er det ikkje noko problem. For borna på Flåklypa likar seg ute uansett ver, både på tur og på barnehagens eige område.

På mandag hadde vi kunstutstilling på fellesrommet i god Forut-ånd. Vi håpar så mange av dykk som mogleg fekk anledning til å besøke ho. Borna hadde måla to flotte bilete som var utstilt. Ein musikkvideo korr alle borna i barnehagen hadde bidratt med dans og glede blei også vist. På utstillinga fekk man også sjå kva dei andre avdelingane har holdt på med i høst. Ei flott og stemningsfull utstilling. Vil dykk bidra med pengar til Forut-barneaksjon finn dykk vippsnr. på invitasjonen dykk har fått på mail. Takk for bidraga!

Denne veka har alle borna vore på tur i skogen og sett på det nydelege fargespelet hausten byr på. Vi såg spesielt etter månadens farge, orange. Den fann vi blant anna att i mange av bladane. Vi har og høyrd forteljinger fra Sierra Leone og fått sett video derifrå. Borna har fått fargeleggje Monki og vi har høyrd på Forut-musikken. 

Litt vatn-leik og maleaktivitet, ikkje samtidig sjølvsagt, har vore veldig gøy denne veka. Vi gjer mykje gøy, leikar mykje og bryr oss om enkeltbornet og gruppa som ein heilhet. Flåklypa skal vere ein god og trygg plass for borna våre. 

Takk for ei flott veke!