Veke 2 (11. - 15. januar).

Vinterleik og det blåe hav. Klikk for stort bilete 

At snøen kom gjorde oss ingenting, og med akebrett og rumpeakebrett har borna sust gjennom dagane. Nokre snømenn har komt til og fleire bytter har blitt fylt med den kalde massen. Nokre av borna har til og med smaka på den, snøen ser jo så fristande ut, men mykje får dei ikkje lov til å ete sjølvsagt. Så lenge borna har godt med kler er det lite til ingen klaging på at vi må vere ute, av og til både før og etter lunsj. 

Vi har fortsatt med fargen blå. Vi har hatt fargejakt kor vi har leita etter ting med blå farge ute, blå samling med ulike aktivitetar og samling på havets botn. Borna var veldig ivrige på å finne blåe ting, dei sprang rundt omkring og fant stadig nye ting. Det er kjekt med slike aktivitetar som fenger, og samtidig er noko alle borna kan vere med på og meistre. I dei blåe samlingane har vi leika Kims-lek kor borna får trene hukommelse, vi har pusla, sunge songar frå blåe songkort og lest ei blå bok. På samlinga på fredagen dramatiserte vi songen "Nede på havets bunn" og brukte silkesjerf. Etterpå las Inger Ann boka om regnbogefisken som var åleine. Ei bok om deling og vennskap blant anna. Til slutt hadde ho ein magisk stein, og den som holdt i steinen fekk seie noko som er blått. Ivrige born såg og kom på fleire ting, så vi måtte øve på å vente. 

Ellers i veka har nokre av borna vore på ein liten tur, vi har hatt tilvenning for eit nytt born som skal begynne hos oss og som vanleg har vi leika masse og hatt det kjekt i lag. Vi har og laga fiskar som heng i vindauget vårt, som eit lite akvarium. Borna fargelagde fisken dei valgde, klippa den ut og limte på tråd. Dei er stolte over sine fiskar. Bursdagssamling har vi og hatt, og nokre born fekk sjå ei død mus, spennande.

Ynskjer dykk ei fin helg!