Veke 1 (04. - 08. januar).

Blå samling.Klikk for stort bilete  

Denne veka har vi fokus på å kome inn i rutinar etter juleferien, og å bearbeide inntrykk. Vi har leika mykje både inne og ute, og spesielt kjekt var det når frosten kom og vi kunne fylle bytter med rim og teikne i rimet på amfiet på haugen. Borna viste tydeleg at det var gøy med endring i miljøet, og vi håpar det kjem snø etterkvart.

Fredag hadde vi samling med fokus på fargen blå. Vi dykka under havoverflata og såg på dei nydelege fiskana, og leika fiskar sjølv. Såpebobler kom det og. Vi syng songar som «sjå min kjole» og «på havets bunn». Fantorangen er og glad i blå, noko vi fekk sjå.

Om ikje lenge får vi nokre nye born frå Dovregubben over til oss, dei har vore på besøk og leika med oss litt allereie, så det blir kjekt!

God helg :)