Veke 51 (14.des- 20.des)

NISSEFEST! Klikk for stort bilete  

Nok ein veke med mykje julekos og herleg barnelatter er snart ved vegs ende. 

Julevekene her i barnehagen har virkelig flydd  avgårde. Julegåvene er vi ferdig med, så no kan vi berre lene oss tilbake og nyte nokre rolige dager her i barnehagen før jul. Når vi vaksne finn roen er det som om barna også finn ei heilt eigen ro. 

Vi jobber fortsatt med fargen grøn, så dere vil nok oppdage at fargen går igjen i nokre av årets julegåver.  

Vekas høgdepunkt var sjølvsagt årets NISSEFEST. Det vart ein litt annleis fest enn det vi er vant med. Alle born og vaksne måtte være på sine eigen avdelingar. Til tross for korona og strenge smitteverntiltak er det sjølvsagt nokre tradisjonar vi har fått gjennomført likevel,som nissebesøk og nissegraut. Sjølv om regne plaska ned ute gjorde den innleide nissen ein strålande innsats som stod til terningkast 6. Han gjekk ein runde rundt heile barnhagen og banka på alle vindauga slik at alle borna kunne få eit glimt av han. Til slutt kom han inn i det vi likar å kalle akvariet og hadde eit skikkelig nisseshow for super begeistra born og vaksne.  Dette vart også ein veldig trygg og fin NISSEFEST for dei som synest at nissen kan være litt skummel, eller at det blir litt for mykje skrik og skrål.  

Til lunsj fekk vi høyre fortellinga om dei tre Nissene på Låven. Dei klarte å bli kvitt trollet og kom seg over brua i tide til å få seg litt nissegraut. 

Vi ønsker dere ein fin siste søndag i adventshelga og  håper alle begynner å finne julefreden. 

God Helg Alle Sammen!