Veke 48 (23.november- 29. november)

Vennskapsveka Klikk for stort bilete 

Denne veka har vår tradisjonelle vennskapsveke blitt gjennomført. Det er ei veke som vi har kvart år i Leirstaden barnehage. Her har vi ekstra fokus på det å vere ein god ven og korleis ein skal vere mot kvarandre. Barna har laga fine hjarte i regnbogens fargar. Dei heng på haugen og skal gje oss ei fin påminning om gode opplevingar med vener. I tillegg vonar vi dei kan glede og gi gode kjensler til alle som går og køyrer forbi barnehagen vår.

Barna har også fått laga vennskapsarmband til seg sjølv denne gangen.

Vonar helga har våre fin og at de har hatt ein fin første søndag i advent.