Veke 47 (16.november- 22.november)

Ein veke med mykje innekos og eit hint av jul. Klikk for stort bilete 

Ei ny og innhaldsrik veke går mot slutten. Også denne veka har vi fylt med gode opplevingar.  Vi har kost oss med kjekke aktiviteter  inne dei dagane været har vore for guffent til at vi våga oss ut. 

Sjølv om det for nokre kanskje føles for tidleg, så nærmar vi oss no desember og alt det som høyrer denne månaden til. Førjulstida er ei av dei finaste tidene på året for oss her i barnehagen. Det er ein månad fylt med mykje kos, hygge, ro, og mange kjekke og tradisjonsrike aktiviter og opplevingar. 

Førjulstia vært nok ikkje heilt slik som vi er vant med her i barnehagen i år, men vi skal prøve å halde fast ved nokre av tradisjonane likevel. Ei av dei vert å levere eit lite bidrag til sjukeheimens årlige og  tradisjonrike pepperkakebygd.. Situasjonen vi er i no, gjer at vi dessverre  ikkje får komme å sjå på pepperkakebygda i år, men den vil være til stor glede for sjukeheimens bebuare.

Vi har difor denne veka gjort i stand pepperkakene som skal leverast på sjukeheimen. Vi har nokre små bakemestre her på avdelinga som på mystisk vis fekk ein liten klump med pepperkakedeig til berre å  forsvinne. Så litt svinn måtte vi rekne med i år også når vi fant fram pepperkakedeig, non- stopp og seigemenn.  Resultatet vart vi veldig fornøgd med og vi gler oss til å levere det  til sjukeheimen. 

På leikerommet var det nokre barn som fekk seg ein magisk togtur med hjelp av to fruktkassar og eit gammalt tastatur. Her måtte dei øve på å vente på tur og bytte på kven som skulle køyre toget. Dei som ikkje fekk plass eller syns at togturen virka litt skummel sørga for at passasjerane fekk servering ombord. Med hjelp frå den vaksne blei det sendt bestillingar på bl. anna oransje appelsin, gul banan, raud paprika og druer.

På slutten av veka fekk vi SNØ! Gjett om det var kjekt! Da måtte vi sjølvsagt ut og utforske leikeplassen som blir heilt annleis når den er kvitdekt og skinnande. Når vi leikar med snøen, brukar barna sansane sine, med å kjenne på at huda blir kald, snøen smeltar, den smakar som vatn når den smeltar i munnen og forandrar uttrykk når den blir skitten, får tilført farge eller smeltar. 

Nokre av barna har opplevd vinteren på kroppen før, og gjekk på med liv og lyst, mens for nokre av barna var dette kanskje fyrste gong med snø under føttene og det vart ein time med balansetrening.

God helg alle sammen!