Veke 46 (9.november -15.november)

Ein spanande tur i skogen.Klikk for stort bilete 

Vi lista oss så stilt på tå når vi var på tur denne veka og det vart ein veldig spennande tur i skogen. Vi fant små hull som vi undra oss over om kunne vera hiet til ein bjørn, hoggorm eller Mikkel Rev. Vi song songane deira i håp om at dei skulle komme fram. Da gjorde dei heldigvis ikkje, men spennande var det uansett. Ekstra gøy var det å leite etter dei vaksne som hadde gjøymt seg bak trea. Borna fekk kaste kongler på dei vaksne når dei fant dei. Det blei mykje deilig barnelatter i skogen denne formiddagen.

Mykje kjekk konstruksjonsleik med duplo og mjuke klossar har vi også kost oss med denne veka.  Borna har bygd høge tårn og lange bruar og gravd kvarandre ned under alle klossane.  Det var fascinerande å sjå korleis borna samarbeida og koste seg mens dei holdt på. 

 

God Helg Alle Sammen!