Veke 44 (25.oktober-1.november)

Ei veke i det våte element, som vart avslutta med ei lita feiring av barnehagens bursdag.

Klikk for stort bilete 

Denne veka har vore prega av mykje regn og eit skikkeleg haustver har blåst inn over barnehagen. Vi prøver allikavel å få oss ein liten luftetur ut kvar dag, men på onsdag valgte vi å ta ein innedag.  Dei andre dagane har vi til tross for eit vel ruskete haustvær prøvd å kose oss på best mulig måte. Nokon vil ha det til at da fins ikkje dårleg vèr, bere dårlige kler. Siden vèret var best i starten av veka valgte vi å flytte turdagen vår fram nokon dagar. Turen gjekk innover kyrkjevegen for å samle pinner som vi har laga trær som heng ute i barnehagen. Borna hjalp til med å bere alle pinnene opp i eit nett som vi hadde tatt med oss.  Dammene utanfor barnehagen blir ganske store i dette vèret, så med eit par dråpar zalo blir dei ein kjempekjekk lekearena for dei små og for nokon av dei vaksne. 

HIPP HIPP HURRA!                                                                                                                                              Laurdag 31. oktober har barnehagen bursdag og den fyller heile 14 år.                                                            Dagen vart markert her i slutten av veka med is til alle borna.