Veke 2 (11- 17. januar)

Sol, vinter, akebrett og snøKlikk for stort bilete 

Denne veka har vi nytta oss av det nydelige vinterværet.

Vi har vore masse ute, og flotte dagar har vi hatt. Vi har nokre akebrett som ungane har leika med, og det viste seg snart at det var minst like kjekt å dra akebrettet, som å sitte på. Dissene er like populære uansett vær, og snø er like bra som sand når du har bøtter og spadar.

Inne på avdelinga har vi kost oss med mykje fin leik og nåken kjekke samlinga har vi også hatt. I samlingane denne veka har barna fått velge kvar sitt dyr frå den store korga som dei har fått sette inn i samlingskofferten. For kvart dyr barna trakk sang vi ein song om dyret. 

Håper alle har ein fin helg og nytar vinteren så lenge den varer.