Veke 1 (4.januar- 10. januar)

GODT NYTTÅR alle sammen og velkommen tilbake til virkeligheten!Klikk for stort bilete 

Nytt år,og nye muligheter. Vi håper alle barn og foreldre har hatt nokre velfortjente, flotte og fredlige fridager. 

Januar skal vi bruke til å komme tilbake i gode rutiner her på avdelingen,og nei vi snakker ikkje om å ete julekaker kvar dag, men om faste måltid, utetid, samlinger, formingsaktiviteter, turdagar, leik og moro. 

Året starta med kaldt og fint vintervær, noko som ikkje er kvardagskost for oss her på Vestlandet.  Vi har vore ute og kosa oss, og frosset litt på fingrane kvar dag. Det vart ein liten tur til amfiet på torsdag. Barna klatra og kløyv, og sørga for å holde seg god og varm. Og merkelig nok smaka nista ekstra godt med raude rosar i kinna.

Vi skal også  jobbe vidare med fargefryd prosjektet vårt, som snart er ved vegs ende. No er det berre eit par farger igjen.  I januar er det fargen blå vi skal ha litt ekstra forkus på. Fargen og årstida kunne vel ikkje passa betre saman. Denne veka har borna fått være med for å sjå hva som skjer når vi fyller glass med vatten og set dei ut i kulda. Og for å gjere det endå litt meir spennande fylte vi på med litt maling og konditorfage også. Disse har vi hengt til pynt utanfor avdelinga, og så får vi sjå kor lenge dei vert hengjande. 

Borna har og fått være med å lage sine eigne snøkrystaller i forskjellige blåtonar som vi har pynta med inne på avdelinga etter kvart som dei har blitt ferdige.