Informasjon om opningstid

Eg håpar alle saman har hatt det bra og vel overstått sommarferie. Eg vil informere om at vi jobbar med å organisere oss for full opningtid frå måndag 24. august. Vi er fortsatt i gul sone, men full opningstid.

Klikk for stort bileteIll.

Vi startar opp med normal opningstid måndag 24. august 2020 kl. 07.00 - 16.30. Vi vidarefører ordninga med matpakker.

Kvar avdeling er ein kohort og dere vil fortsatt få beskjed frå avdelinga om kor dere skal levere om morgonen.

Som resten av samfunnet må vi saman stramme opp igjen smitteverntiltaka 👍 hugs å sprite hendene på barnet og deg sjølv ved porten om morgonenen/vask hendene i garderoba og ikkje følg barnet inn på avdelinga, men lever i garderoben/ute, sjuke barn skal ikkje i barnehagen. 

Foresette som er friske og ikkje har symptom på luftveisinfeksjon, kan følge og hente i barnehagen. Søsken skal ikkje vera med inn i barnehagen.

Vi krysser fingrene for at vi held oss smittefrie alle saman.


Med vennleg helsing 
Monika, styrar