Ordensreglar for Landro skule

Skulen er ein arbeidsplass for elevar, lærarar og andre tilsette. For at alle skal trivast på skulen og resultatet av arbeidet skal bli best mogleg, treng vi reglar å rette oss etter.

Du har rett til

  • å ha ro og god atmosfære når du èt lunsj
  • å ha arbeidsro
  • å leike i fred
  • å bli høyrt i saker som gjeld deg og skulen
  • å ha tinga dine i fred
  • å ha leksefri etter søn- og helgedagar

Ansvarsoppgåver

For at alle skal trivast, må du:

  • la andre sine saker vere i fred både ute og inne.
  • vere slik at ingen vert lei seg eller har det vondt    på grunn av deg.
  • vere høfleg og rette deg etter det dei vaksne seier.
  • ha god bordskikk.

For å kunne gjere godt arbeid, må du:

  • ta vare på skulesakene
  • møte på skulen i rett tid
  • ha med deg det du treng til alle fag og aktivitetar
  • ha gjort leksene
  • ta del i timen på ein positiv og grei måte
  1. Alle elevar har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei.
  2. Alle elevar skal vise omsyn og respekt for andre, bidra til arbeidsro i timane og syne respekt for undervisninga.
  3. Elevar skal ikkje ha med eller bruke farlege reiskap på skulen.
  4. Det er forbode å ha med eller bruke rusmiddel på skuleområdet. Dette gjeld også arrangement utanom skuletida. Opplæringslova §9.5
  5. Elevar skal ikkje bruke mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr i skuletida - dette skal vere avslått og liggje i sekken.

Orden og arbeidsro i klassen er naudsynt for trivsel og godt arbeid. Dersom du uroar andre i klassen, øydelegg du for dei. Når du går ifrå klasserommet, skal du ikkje overlate rot og uorden til reinhaldarane eller dei som kjem etter.

Alle skal også hjelpe til med å halde skuleplassen rein og ryddig. 

Du skal ikkje bruke mobiltelefon eller anna privat elektronisk utstyr i skuletida - dette skal vere avslått og liggje i sekken. Dersom du bryt denne regelen skal mobiltelefonen leverast til administrasjonen og hentast der etter          skuletid.

Friminutta

Friminutta er di fritid  på skulen. 

Då kan du sjølv velje  kva du vil leike, åleine  eller saman med andre. 

Til vanleg skal du vere  ute i friminutta og halde deg på skuleplassen om ikkje dei vaksne har gitt deg lov til anna.

Ver rask og gå til  klasserommet når du  skal til timen igjen.