Nye undervisningsrom

I løpet av november og desember tek Øygarden kulturskule i bruk sine nye lokale på Liljevatnet. Kulturskulen har fått seks nye rom til undervisning. Eitt rom til kunstundervisning, eitt rom til gruppeundervisning for dans, drama og småbarnsaktivitetar, tre undervisingsrom for musikk i tillegg til eitt bandrom.

Alle romma har god lydisolasjon slik at ein ikkje får lydlekkasje til gangen og siderommet. Romma har god akustikk og er tilrettelagt for den aktiviteten dei skal brukast til. Romma er bygde etter Norsk standard for musikklokale.  

I tillegg til undervisningsrom så har alle lærarane ved skulen no fått eigen arbeidsplass til førebuing av undervisning. Det er også lagt til rette for samarbeid mellom kollegaer.

Opninga av kulturskulen sine nye lokalar vil bli gjennomført i løpet av januar 2022 og då saman med Liljevatnet barnehage. Vi gler oss til å ta i bruk dei nye romma.