Kontrollutvalet

Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar og minimum eit av desse må vere medlem av kommunestyret. Medlemmane og varamedlemane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.

Utvalet er heimla i kommunelova §77 og forskrift om kontrollutval.

Oppgåver

Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverka til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogeleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.

Revisjon

Øygarden kommune har inngått avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selkskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Sekretariat

Øygarden kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariat for kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune.

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Dei pliktar å følgja utvalet sine retningsliner og pålegg.

Henvending til sekretariatet for kontrollutvalet i Øygarden kan sendast på e-post til kontrollutvalet@hfk.no
Kontrollutvalet har normalt 6 ordinære møter i året.

Oversikt over medlemar/varamedlemar i kontrollutvalet
Oversikt over møter, møteplan, sakspapir og protokollar

Leiar for kontrollutvalet Her finn du kontaktopplysningar for leiar i utvalet.
Leiar for kontrollutvalet
NamnTelefonE-post
Per Morken (AP)908 33272E-post
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 03.01.2017
Fann du det du leita etter?