Kraft frå land til Oseberg-feltet i Nordsjøen

NVE har motteke søknad frå Equinor om ein nye straumkabel frå Kollsnes i Øygarden kommune til Oseberg-feltet i Nordsjøen. Søknaden er no på høyring, med frist for uttale 11. oktober 2019.

Equinor søker om konsesjon etter energilova for ein ny 300/110-132 kV transformatorstasjon, ein vekselstraumkabel for overføring av 105 MW kraft fra Kollsnes til grunnlinja, og vidare til Oseberg feltsenter og Oseberg sør etter havenergilova. Dei vil òg søke Olje- og energidepartementet om godkjenning av endra plan for utbygging og drift av Oseberg-feltet. 

Kraft frå land vil erstatte kraftforsyning med gassturbinar og dekke det aukande kraftforbruket på feltet.

Heile søknaden og moglegheit for å sende merknad er her: https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=5166&type=A-1,A-5

Søknaden er også lagt ut i servicetorget på rådhuset i Øygarden kommune.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 13.09.2019
Kunngjeringar
Publisert 12.09.2019
DSC_0874.JPG

Nesemyra kunstgrasbane skal få nytt kunstgrasdekke. Bana vil ikkje bli opna 16. september som planlagt. Vertilhøva framover og dei siste dagane er grunnen til dette. Vi er avhengig av 1-2 dagar med tørt ver og dagar utan vind. Så snart veret tillet det vert dekket ferdigstilt.

Publisert 29.07.2019

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om oppstart med reguleringsplan for Oksneset.
Planarbeidet vil endre gjeldende reguleringsplan og erstatte gjeldande reguleringsplan ID20080004 Oksneset med vedtak av ny detaljplan (PlanID20190005).

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av eit landbasert oppdrettsanlegg med tilhøyrande verksemder.

Utval for Drift og Samfunnsutvikling vedtok å gje oppstartsløyve i møte 06.06.2019, saksnr. 069/19.
Forslagstillar er Blom AS og utførande konsulent er Multiconsult Norge AS.

Publisert 29.07.2019

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av arbeid med reguleringsplan «Kollsnes Industriområde» i Øygarden kommune.

Detaljreguleringa sitt hovudformål å revidere gjeldande reguleringsplan for Kollsnes industriområde, ID19910001.

Arealformål vil samsvare med dagens arealbruk og omfatte dagens industriområde.
Varslingsområdet utgjer til saman omlag 2988 dekar.

Utval for Drift og Samfunnsutvikling vedtok å gje oppstartsløyve i møte 14.05.2019, saksnr. 057/19
Forslagstillar er Equinor, Multiconsult Norge AS er plankonsulent.

Publisert 02.07.2019
Detaljregulering Svanevågen.png

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert privat forslag til detaljreguleringsplan for Svanevågen lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter 2. gongs behandling i Utval for drift og samfunnsutvikling 25.06.19, sak 82/19.

Publisert 26.06.2019

Øygarden kommunestyre har slutthandsama rullert «Trafikksikringsplan 2019-2022» i møte 24.april 2019. Dette er ein kommunedelplan utarbeida etter reglane i plan- og bygningslova, jamfør § 11-1(PBL). Tillyste høyringsrundar vart gjennomført. Planarbeidet er avslutta og planen vert med dette kunngjort, jamfør § 11-15 i PBL.

Publisert 26.06.2019

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert områdereguleringsplan for Blomvåg vest lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i Utval for drift og samfunnsutvikling 14.05.19, sak 60/19.

Publisert 26.06.2019
Plankart Ådnevikvarden.png

Kommunestyret vedtok i møte 19.06.2019, sak 038/19, detaljregulering for Ådnevikvarden, planID: 20140007.
 

Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.

Publisert 26.06.2019
Reguleringsendring Toftøy.png

Utval for drift og samfunnsutvikling vedtok i møte 25.06.2019, sak 080/19, oppstart og offentleg ettersyn av mindre endring for reguleringsplan for Toftøy, planID: 20000002.

Publisert 17.06.2019

I henhold til plan‐ og bygningslovens § 12‐8 kunngjøres herved varsel om oppstart av
reguleringsarbeid: Detaljregulering for Storevarden B4 og B5, gnr./bnr. 38/625 m.fl. –
Skjoldingsneset, Øygarden kommune.

Publisert 14.06.2019
Dalekletten.png

Kommunestyret vedtok i møte 22.05.2019, sak 029/19, detaljregulering for Dalekletten, planID: 20170004.

Publisert 07.06.2019

Plan-ID: 20180002

Utval for drift og samfunnsutvikling vedtok i møte 14.05.2019, sak 055/19, planprogram for detaljregulering Hellesøy hamn II, plan-ID: 20180002.

Publisert 03.06.2019
valglogo_gull_nynorsk.jpg

I samsvar med vallova § 6-7 kunngjer valstyret i (nye) Øygarden kommune at vallister for følgjande parti er godkjent ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019:

Publisert 29.05.2019
Detaljregulering for kryss Arseta sør.png

I medhald av plan- og bygningslova § 12-2 og § 12-8 blir det med dette varsla oppstart av
Detaljregulering for kryss Arseta sør, gbnr. 38/389 m. fl. Øygarden kommune

 

Publisert 29.05.2019

I medhald av § 12-2 og § 12-8 i plan- og bygningslova vert det med dette varsla oppstart av

Områderegulering for Vikane ved Hjeltefjorden, gbnr. 38/6 m. fl.

Planen er etter kommunen si vurdering i samsvar med gjeldande plangrunnlag, og fører ikkje til krav om konsekvensutgreiing etter kap. 4 i plan- og bygningslova. Det er allereie gjort ei konsekvensutgreiing for felt B13 i samband med kommunedelplanen for Rongøy.

Planområdet ligg på Rong, mellom Medarseta og Storevarden (felt B13 i Kommunedelplan for Rongøy).

Forslagsstillar er Øygarden kommune. Plankonsulent er Asplan Viak AS.

Publisert 23.05.2019

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert områdereguleringsplan for Blomvåg vest lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i Utval for drift og samfunnsutvikling 14.05.19, sak 60/19.

 

Publisert 08.05.2019
Ulvøy.png

Kommunestyret vedtok i møte 24.04.2019, sak 020/19, detaljregulering for Ulvøy næringsområde, planID: 20140003.

Publisert 07.05.2019

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert detaljreguleringsplan for Naust og småbåthamn på Rotevågsøy lagd ut til høyring og offentleg ettersyn for andre gang etter behandling i Utval for drift og samfunnsutvikling 11.04.19, sak 43/19.

Publisert 18.03.2019
Kommunedelplan for Rongøy.png

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 blir kommunedelplan for Rongøy (planID: 20120006)  lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter andre gongs behandling i formannskapet 07.03.18, sak 018/18.

Publisert 18.03.2019

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for Kvernhusvika akvakulturområde, plan-ID: 20160005 lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i utval for drift og samfunnsutvikling 22.03.18, sak 026/18.

Publisert 18.03.2019

Plan ID 2014 0005 - Godkjend plan 

Øygarden kommunestyre vedtok i møte 18.04.18, sak 19/18 å godkjenne detaljreguleringsplan for Storhaug bustadområde på Torsvik.

Publisert 18.03.2019

Endeleg vedtak av reguleringsplan

Øygarden kommunestyre vedtok i møte 13.06.18, sak 044/18 å godkjenne detaljregulering for Hjartøy – plan ID 20170002.

Publisert 18.03.2019
Plankart 1 av 3 - næring.png

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for Ulvøy næringsområde lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i utval for drift og samfunnsutvikling 10.april 2018 , sak 037/18.

OPPDATERT: Nytt vedlegg 1 med oppdatert illustrasjonsplan, terrengsnitt og 3d er no tilgjengeleg som annonsert i høyringsskriv.

Publisert 18.03.2019

PLANID 2016 0007
Øygarden kommunestyre vedtok i møte 13.06.18, sak 43/18, å godkjenne den del av detaljreguleringsplanen for Svanevågen som det ikkje er retta motsegn mot.

Planvedtaket vert med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-12 og 12-13.

Publisert 18.03.2019
Reguleringsplan Tjeldstø.png

Øygarden kommunestyre vedtok i møte 26.09.2018, sak 055/18, å godkjenne detaljreguleringsplan for Tjeldstø bustadblokk (plan-ID: 20160004).



 

Publisert 18.03.2019
Plankart Dalekletten.png

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for Dalekletten, Øygarden kommune, plan ID 20170004, lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i utval for drift og samfunnsutvikling 31.10.18, sak 119/18.

Publisert 12.03.2019
Økonomi5

Det er vedteke nye kommunale gebyr og brukarbetalingar gjeldande frå 01.01.19.

Publisert 22.01.2019

Søknad om løyve til oppdrett av settefisk og stamfisk av berggylt og rognkjeks på lokalitet Svartevika i Øygarden kommune

Scalpro AS søkjer om nyetablering av anlegg for ein årleg planlagd produksjon av inntil 30 tonn biomasse i eit nytt anlegg ved næringsområdet i Svartevika på Rong.

Publisert 19.12.2018

Endring av detaljreguleringsplan. PlanID 125920080002 

Øygarden kommunestyre vedtok i møte 12.12.2018, sak 085/18, å godkjenne endring av reguleringsplan for Vågsbotn bustadområde. Endringa opnar for oppføring av to firemannsbustadar nord i området i staden for 3 einebustadar. Den eine bustadtomta er endra til område for felles parkering til firemannsbustadane.

Publisert 19.12.2018
Plankart datert 16.10.2018.png

Kommunestyret vedtok i møte 12.12.2018, sak 084/18, detaljregulering for Naturgassparken, plan-ID: 20150002.

Plan for Naturgassparken blei vedteke endra plannamn frå Kollsnes næringspark.

Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Publisert 18.12.2018
Plankart Kvernhusvika.png

Kommunestyret vedtok i møte 12.12.2018, sak 089/18 detaljregulering for Kvernhusvika, plan-ID 20160005.

 

Publisert 20.11.2018
Plankart områdereguleringsplan Rong.png

Kommunestyret vedtok i møte 31.10.2018 sak 070/18 områderegulering for Rong senterområde plan-ID: 20170005.

Planvedtaket er i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12.

Publisert 20.11.2018
Plankart KDP Rongøy.png

Øygarden kommunestyret vedtok den 31.10.2018 kommunedelplan for Rongøy. Kommunedelplan for Rongøy er ei realisering av eit delområde for kommuneplan for Øygarden (2014) og vil overstyre den for området det gjeld.

Kommunedelplanen kunngjerast med dette  i samsvar med plan- og bygningslova § 11-15.

Publisert 26.10.2018
Utsnitt plankart. Datert 02.10.18.

Gnr/bnr 41/126 - Eikeilen næringsområde

Utval for drift og samfunnsutvikling vedtok i møte 18.10.2018, sak 100/18, å godkjenne mindre endring for Eikeilen industriområde.

Publisert 10.09.2018
Plankart - Bilde.png

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-2 og 12-8 vert planprogram og utvida plangrense for områderegulering for Blomvåg vest planID 20170001 lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter vedtak i Utval for drift og samfunnsutvikling 6. september 2018, sak 084/18.

Publisert 23.04.2018

PLANID 2017 0003 

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert privat forslag til detaljreguleringsplan for Nyheimstunet bustadområde lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i Utval for drift og samfunnsutvikling 10.04.18, sak 38/18.

Publisert 19.09.2017
Båt-i-naturen.jpg

Frå 1. oktober får du vrakpant for mindre fritidsbåtar ved innlevering til godkjent mottak.

Publisert 09.05.2017
COLOURBOX6863729-H700-300x200.jpg

Det er vedteke nye lokale forskrifter for VAR-området, reguleringsplan, byggje- og delesakshandsaming, oppmåling og eigarseksjonering.

Fann du det du leita etter?
Høyringar og kunngjeringar