Brukarrettleiing for nettsida

På denne sida vil du finne informasjon om korleis nettsida er bygd opp og korleis du kan nytte ho.

Navigasjon

Alle lenker er markert med raud tekst og understreking. Er det vanskeleg for deg å lese kan du auke tekststorleiken i høgre toppmeny A-A-A. 

Kommunen har omtalt ca 115 tenester. For at tenestene skal vere lettare å finne for deg har vi valt å nytte ein standard temastruktur. 

Informasjonen er knytt til tema og skal såleis vere uavhengig av organiseringa innan kommunen og mellom ulike offentlege kontor.

Du vil difor finne mange vidare lenker til andre offentlege kontor utanom kommunen. Vi har ein toppmeny som du vil finne meir lokal informasjon om politikk, om Øygarden, nyhende (aktuelt) og til dømes lag og organisasjonar i Øygarden. 

Finn du likevel ikkje det du leiter etter, ring servicetorget på tlf. 56 38 20 00 eller kontakt oss via e-post: postmottak@oygarden.kommune.no
 

Dokument

Alle dokument er lagt ut i formatet PDF. Dette er format som er tilrådd i strategidokumentet eKommune 2012, som inneheld tilrådingar og mål for elektronisk datahandsaming i kommunar. 
 

Hjelp til nedlastning av PDF-dokument

For å lese PDF-dokument på nettsida så må du ha ein PDF-lesar installert på di datamaskin. Du kan laste ned til dømes Acrobat Reader eller Foxit Reader 

Om du framleis har problem med å opne PDF-dokument, så høgreklikk på lenka og velg "Lagre mål som". Då kan du lagre dokumentet på ditt skrivebord, så opne. 
 

Kartportal

Du kan finne mange opplysningar sjølv via vår kartportal.

Om du har Safari som nettlesar kan du ha problem med å få tilgang til kartportalen. Du kan då laste ned opera og opne kartportalen via denne nettlesaren. 

Kartportalen inneheld standard kart (økonomisk kartverk), arealplanar og flyfoto (ortofoto). For å gjere oppslag på ein eigedom kan du søke på adressa eller gards- og bruksnummer. Du kan òg zoome deg inn i kartet med å nytte funksjonane i knapperekka øvst på sida.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 11.03.2016
Fann du det du leita etter?
Brukarrettleiing