Vel overstått sommar - Informasjon om skulestart

Det nærmar seg skulestart og mange gler seg veldig til å treffe igjen leikekameratane og dei vaksne på skulen. Vi gler oss og veldig til å sjå alle igjen! Dessverre er situasjonen slik at vi enno ikkje kan drifta skulen heilt som normalt, og her kjem litt informasjon frå skulen i samband med skulestart.

Klikk for stort bileteIll.

Første skuledag er 17. august og då skal elevane møte ved inngong til klasserommet kl. 08.40, første klasse kl. 09.00 ved flaggstonga. Skulefritidsordninga har normal opningstid frå kl. 07.00-16.30.

Første skuledag sluttar kl. 12.00 og då går dei som ikkje skal på SFO heim.

På grunn av koronasituasjonen er skuledrifta framleis på «gult nivå». Det betyr at skulen har tiltak for å redusere risiko for å bli smitta av Covid19.

Følgjande tiltak gjeld no frå skulestart og inntil vidare

  • sjuke elevar skal ikkje møte, sjølv med milde symptom.
  • vask fingrane heime før skulen.
  • ikkje møt før kl. 08.30 om morgonen dersom eleven ikkje skal på SFO.
  • møt ved den inngangen som er avtalt for gruppa. Kvart trinn har fått tildelt eit uteområde som dei skal nytte i friminutta. Område vil rullere for kvar veke.
  • foreldre får ikkje koma inn i skulebygninga. Dei vaksne vil hjelpe til med å få lagt inn nødvendig klede og liknande i garderoben.
  • elles må elevane ha med eigne skrivesaker, nettbrett (ligg no på skulen), mat og drikke. – spel, leikar og liknande skal ikkje vere med på skulen.

Det vert ikkje felles foreldremøte i år, men det vil bli gjennomført foreldremøte på kvart trinn i allrommet frå veke 35. Meir informasjon om tidspunkt for møte vil bli lagt ut på Knappskog skule si heimeside om kort tid. I tillegg direkte informasjon frå kontaktlærarane på Transponder.

Lukke til med skulestart og velkomen tilbake :-)

Med vennleg helsing
Odd Erik Kjeldstad, rektor