To klassetrinn på Knappskog skule i karantene

Første og tredje trinn på Knappskog skule er sett i karantene på grunn av koronaviruset.

Knappskog skule - Klikk for stort bileteKnappskog skule

Ein elev på tredje trinn er smitta, og difor må heile trinnet ut i karantene. På første trinn er det mistanke om at ein elev kan vera smitta, og difor er trinnet sett i karantene i påvente av prøvesvar.

Rektor Odd Erik Kjeldstad opplyser at totalt 72 elevar og inntil 10 tilsette er sett i karantene. Det er gjeve melding til dei som må ut i karantene.

Pr. dato er om lag 300 personar i Øygarden kommune i karantene.