Sommar- og avslutningshelsing frå rektor

Til alle føresette på Knappskog skule. Skuleåret er no slutt, og for meg er tida inne til å takka av som rektor på Knappskog skule. Eg vil takke alle foreldre for eit fantastisk samarbeid gjennom alle desse åra. 

Ill. - Klikk for stort bilete

De har vore utruleg flinke til å støtte skulen, tilsette og leiing gjennom gode, men og vanskelege periodar. Det har vore utruleg spennande og veldig kjekt å få lov til å vere rektor på Knappskog, og eg kjem nok til å sakna både elevar og vaksne mykje. Eg tykkjer vi har fått til mykje, og sjølv om det alltid er noko å forbetra, er eg i det store og heile nøgd med korleis skulen har utvikla seg dei siste åra.

No er tida inne for at andre tek over roret, og tenkjer vedkommande er heldig som kan ta over ein skule med så mykje fine folk. Eg er trygg på at ny leiar blir teke godt imot av alle her på Knappskog, så vil eg ynskje alle ein riktig god sommar.


Takk for meg :-)

Mvh Odd Erik Kjeldstad, Rektor