Smittevernråd for juleavslutningane

Mange gler seg til juleavslutninga i barnehagen eller på skulen. 

- Vi er inne i ein periode med auka koronasmitte. Men dersom vi førebur oss godt og legg forholda godt til rette, er det forsvarleg å gjennomføra juleavslutningane slik situasjonen er no, seier smittevernlege Bjørg Møllerløkken.

Ill.

Basert på noverande reglar og tilrådingar, er det ikkje noko i vegen for å gjennomføra juleavslutningar. Her kan du lesa om reglar og tilrådingar.

Øygarden kommune og nabokommunane har vedteke forskrift om bruk av munnbind og krav om registrering av gjester på serveringsstader.

Smittevernlegen vil ikkje no tilrå å avlysa juleavslutningar. Ho rår likevel alle til å gjennomføra tiltak som reduserer smittefaren på arrangementa.

- Vi skal møtast å ha det kjekt saman, barna skal få visa det de har øvd på og forventningane skal innfriast. Ta likevel ein runde på om det er nokre grep ein kan gjera slik at alle kan gle seg over avslutninga, men også gå friske heim, seier Bjørg Møllerløkken.

Her er nokre råd frå smittevernlegen:

  • Arrangement ute er betre enn inne i eit rom med svært mange menneske som går på kryss og tvers.
  • Servering kan gjennomførast på eit enkelt nivå for dermed å unngå for mykje kø og felles berøringspunkt.
  • Er det mogleg å dela opp eit stor arrangement til fleire mindre arrangement?
  • Kan ein forkorta og forenkla arrangementet og leggja vekt på at barna skal få visa fram det dei har øvd på?
  • Redusert mingling og enklare mat kan bidra til redusert smittefare.
  • Store lokale er betre enn små.
  • Handsprit må vera like naturleg som å ta med mobiltelefonen.
  • Det er ikkje krav om munnbind, men vi tilrår bruk av munnbind der ein ikkje klarer å halda nødvendig avstand. Eksempelvis er det lurt å bruka munnbind når du står i matkø.

Sist og kanskje viktigast: alle invitasjonar bør innehalde ei setning om at personar som har nyoppståtte luftvegssymptom, ikkje skal møta på arrangementet, men halda seg heime til dei er i grei form og ta ein koronatest.

Felles ansvar

Smittevernlegen seier at vi er inne i ein fase der det ikkje berre er koronavirus som sirkulerer, men også mange andre virus som mange har kjent på kroppen. Dette legg press både på helsetenesta lokalt, på sjukehusa og på arbeidsplassane når det gjeld fråvær.

- Her må alle ta eit individuelt ansvar. Årsaker til at det sirkulerer så mange virus no er mange. Vi er meir saman, ofte inne og tett på kvarandre. Få har hatt infeksjonar det siste året. Dette fører til at vi som befolkning har ei «virusgjeld» som skal betalast. Det er forventa at dette skjer no, og det vert slik denne vinteren. Men sjølv om det kan opplevast som ein evig virusmaraton, må ein likevel avklara med ein test for kvar gong. Det er litt stress, men det er for ein periode, er trøysta frå smittevernlege Bjørg Møllerløkken.