Kontrollen i dag er del av ein større haldningskampanje der FAU og skule arbeidar saman med føremål om å betre trafikktryggleiken for skuleborna på Knappskog skule. Kommunen har nyleg merka vegbana slik at det no blir meir synleg kor dei mjuke trafikantane skal gå til skulen.

Rektor og Fau-leiar var til stades for å hjelpe elevane med å velje riktig gangbane til skulen, noko dei har øvd på saman med lærarane. I samband med kampanjen er det laga ein teiknekonkurranse om bruk av refleks, og skulen har sett trafikktryggleik på dagsorden i undervisninga. Fau har kjøpt inn refleks til elevane som dei vert oppfordra til å bruke no i mørketida.
Tekst: Odd Erik Kjeldstad, rektor