Nasjonal matematikkonkurranse

Kvart år i mai er det ein nasjonal matematikkonkurranse som heiter Kikora Mattemaraton. Her er målet at kvar elev skal rekne så mange maratonløyper med matematikkoppgåver som mogleg og gå så mange maraton-distanser som mogleg. 

Ill. Mostphotos - Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

I tillegg til den nasjonale konkurransen har vi i år også laga ein intern konkurranse i kommunen. Det blir spanande å sjå kva skule som reknar mest og er mest aktiv pr elev i Øygarden no i mai.

Premie

Det blir is til vinnarskulen, og pokal til dei tre beste skulane.

Ordførar Tom Georg Indrevik har laga ein liten filmsnutt for å ønske elevane og lærarane lukke til i årets konkurranse. 

På nettsida til Kikora kan du lesa meir om MatteMaraton