Mattemaraton konkurranse i Øygarden

Kvart år i mai er det ein nasjonal matematikkonkurranse som heiter Kikora Mattemaraton. Her er målet at kvar elev skal rekne så mange maratonløyper med matematikkoppgåver som mogleg og gå så mange maraton-distanser som mogleg. 

I tillegg til den nasjonale konkurransen har vi i år også laga ein intern konkurranse i kommunen. Det blir spanande å sjå kva skule som reknar mest og er mest aktiv pr elev i Øygarden no i mai. Ordførar Tom Georg Indrevik har laga ein liten filmsnutt for å ønske elevane og lærarane lukke til i årets konkurranse.

På nettsida til Mattemaraton finn du meir informasjon