Lyser opp skulen i ei vanskeleg tid

Søndag samla foreldra i Fau seg på Knappskog skule for å pynte skulen og skuleområde til advent. På grunn av koronapandemien er alt av julearrangement avlyst, og då ønskte foreldra å skape litt alternativ julestemning med eit lysande hjarte på skulebygningen.

Klikk for stort bilete

Då elevar og tilsette kom på skulen måndag morgon vart dei overraska av at skulen var pynta opp med lys, noko som vart sett utruleg stor pris på. Knappskog skule har fleire gonger i haust vore råka av smitte på skulen og situasjonen har vore krevjande for både foreldre og tilsette. Ein stor takk til fine foreldre som ynskjer å skapa glede i ei vanskeleg tid.

Klikk for stort bilete

Tekst: Odd Erik Kjeldstad, rektor

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete