Kjære føresette

No er allereie første etappe av skuleåret gjennomført og elevane skal ha haustferie. Koronasituasjonen har gjort skulekvardagen litt annleis i år, sjølv om vi forsøker å gjere dagane så normal som mogeleg. 

Klikk for stort bileteIll.

Særleg blei det ekstra kevjande då vi fekk viruset tett innpå oss i førige veke. Men vi var førebudd, og heldigvis hadde vi gjort nødvendige tiltak slik at det var mogeleg å avgrensa dei mest inngripande tiltaka til to trinn. Situasjonen i førige veke viser kor sårbare vi er, og at vi må halda fram med å organisere skuledagen til elevane i mindre grupper. Eg er veldig glad for at foreldra står i dette saman med dei tilsette her på skulen. De er fint å høyre at de syner tillit, og i kvardagen held dykk til dei reglane vi har innført for å avgrense smitte her på skulen.

Etter haustferien står influensasesongen for døra, og av erfaring er elevane meir sjuke i denne perioden. Eg vil då oppfordra foreldra til å ha fokus på dei grunnleggande smittevernreglane som god handhygiene og at elevane ikkje må kome til skulen dersom dei har symptom på sjukdom.

Eg håpar dykk får nokre fine dagar saman med barna dykkar, vèret ser ut til å vere på lag no i helga i vertfall.

Så vil eg få ynskje alle ei riktig god helg – og haustferie for dei som skal ha det:)

 

Med venleg helsing
Odd Erik Kjeldstad
rektor