Kjære foreldre på Knappskog skule:)

No nærmar julehøgtida seg, og i morgon er siste skuledag på Knappskog skule før jul. Det har vore ein uvanleg og krevjande haust for oss alle, og no skal det bli godt å senke skuldrane og kjenne på kvile og fred.

Klikk for stort bileteIll.

Eg vil takka alle foreldra for eit godt samarbeid i året som har gått og ynskje alle eit godt nytt år når det kjem etter julefeiringa. Det er lov å håpe på betre tider i året som kjem, og at skuledagane etter kvart vil bli som før pandemien ramma oss.

I morgon sluttar alle elevar kl 1200, og skulefritidsordninga er ope for dei som har meldt frå om at eleven skal vere der.

Første skuledag etter juleferien er tysdag 5. januar.

God jul:)

Mvh rektor