Julehelsing til foreldre på Knappskog skule

No nærmar julehøgtida seg og frå i dag er det juleferie for elevane på Knappskog skule. Førjulstida vart dessverre ikkje slik vi såg for oss den skulle bli, noko eg tykkjer er leit og rart.

Ill. Pixabay - Klikk for stort bilete

Vi skulle helst ha samla oss på julefest i gymsalen for å sjå dei flotte elevane våre synge og underhalde slik vi pleier å gjere det – men slik gjekk det altso ikkje. Men sjølv om det ikkje vart noko av, så har det her på skulen vore god julestemning med juleverkstad og bakst av peparkaker med elevane. Det har vore fint både for små og store.

Vi legg no bak oss eit år som framleis er prega av pandemien og som gjer situasjonen uføreseieleg for skulen som så mange andre institusjonar i samfunnet vårt. Vi veit ikkje korleis dette vil utvikle seg vidare over nyttår, men må ta det som det kjem.

Eg har lyst til å gi skryt til foreldre som har vore utruleg flinke med å førebyggje sjukdom her på skulen, og sjølv om vi hadde eit utbrot no så har vi klart oss ganske greitt gjennom hausten. Det er viktig at ingen kjenner på skuld for den smitten som kjem inn, for slik situasjonen er no så rammar dette heilt tilfeldig, og er nesten ikkje til å unngå. Mange av elevane som har vorte smitta har ikkje hatt symptom. Nok om Korona:)

Eg vil takka alle foreldre for eit godt samarbeid i året som har gått, og sjølv om enkelte tykkjer skule-heimsamarbeidet innimellom kan vere krevjande, så opplever skulen at vi saman gjer gode vurderingar til beste for barnet ditt og det generelle elevmiljøet på skulen.

Til slutt vil eg få ynskje alle foreldre og elevar ei riktig god jul og eit godt nytt år :-)

Første skuledag etter juleferien er tysdag 4. januar.

 

Med helsing Odd Erik Kjeldstad, rektor.