Invitasjon til foreldremøte hausten 2020

Som følgje av Covi19 pandemien så kan ikkje skulen i år gjennomføre felles foreldremøte slik vi pleier.

Klikk for stort bilete

Foreldremøte i år blir gjennomført trinnvis og alle møte blir på allrommet. Krav om avstand gjer at begge foreldra ikkje kan kome, men vi ser helst at ein av foreldra stiller på møte. På møte vil de få informasjon om skulekvardagen, læringsmiljøet samt spesielle tilhøve som gjeld for trinnet dette skuleåret. 

Skulen har gode smitteverntiltak så det skal vere trygt for alle å møte.

NB! Har du symptom på sjukdom så må du ikkje møte opp.

Oversikt over foreldremøta på Knappskog skule finn du i kalenderen på framsida av den nye nettsida vår.

Vel møtt!