Informasjon om utviklingssamtalar

I veke 43 og veke 44 skal Knappskog skule gjennomføre utviklingsamtalar.

Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

Utviklingsamtalen er heimla i vurderingsforskrifta i opplæringslova og er ein obligatorisk samtale mellom skule og heim om utviklinga til eleven på skulen.

Innhald i samtalen

Kontaktlærar vil i samtalen seie litt om eleven sin ståstad, og kva som skal til for at eleven skal utvikle seg vidare i dei grunnleggjande ferdigheitene samt i faga på skulen. Kontaktlærar vil og formidla ei vurdering om korleis eleven fungerer sosialt i samspelet med dei andre elevane på skulen.

Innkalling

Skulen vil sende ei formell innkalling til foreldra om tidspunkt for samtalen.

Smittevern

Som følgje av koronasituasjonen har skulen særskilte smitteverntiltak som gjeld for gjennomføring av utviklingssamtalen.

Føresette må ikkje møte opp på skulen dersom ein har symptom på luftvegssjukdom eller feber, sjølv med milde symptom.

Kontaktlærar vil i god før møte informera om kor på skulen du/de skal møte opp. Dei generelle tiltaka om god handhygiene og avstand vert lagt til grunn. Dersom foreldra av ulike grunnar ønskjer å gjennomføre møte digitalt, så kan de be kontaktlærar om det.

Ta gjerne kontakt med skulen dersom du lurar på noko.

 

Odd Erik Kjeldstad, rektor