Eit hav av moglegheiter

Bli med på årets TV-aksjon. Gå inn på blimed.no og les om korleis du kan bidra. Me inviterer born og vaksne til å vera med på verdas største dugnad 18. oktober. TV-aksjonen NRK 2020 går til arbeidet WWF gjer for å kjempa mot plast i havet.

Klikk for stort bileteWWF - TV-aksjonen 2020. Foto: Steve De Neef/Getty Images.

TV-aksjonen er den årlege innsamlingsaksjonen til NRK. Kvar haust vitjar 100 000 bøsseberarar alle husstandane i Noreg for å samla inn pengar til ei god sak. I år blir aksjonen digital og me håper du, familien din og vennene dine vil vera med.

Her oppmodar ordførar Tom Georg Indrevik oss om å verta digital bøssebærar (video)


Åtte millionar tonn plast hamnar i havet – kvart år. Plasten trugar ikkje berre dyrelivet, men òg oss menneske. Med konkrete tiltak, der problema er størst, skal årets TV-aksjonen ta plastproblemet ved rota. Saman skal me redusera plastutsleppa og ta vare på verdshava! Årets TV-aksjon skal kjempa mot plast i havet ved å etablera og betra eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneske. I samarbeid med innbyggjarane som bur i området, styresmaktene og næringsliv skal me redusera utslepp av plast til elvar og hav med 7000 tonn årleg. Me skal samla inn og resirkulera søppel som i dag endar opp i naturen, redusera bruken av unødig plast og jobba for at avgjersletakarar forpliktar seg til å nå WWF sitt mål om null plast på avvegar i 2030.

Ein tredel av plasten i havet kjem frå Søraust-Asia. Difor er TV-aksjonsmidlane øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.

TV-aksjonen NRK 2020 har fått tittelen «Eit hav av moglegheiter». Mange av skuleborna i landet har lært om tematikken på skulen gjennom undervisningsopplegget til TV-aksjonen. Det ligg gratis for bruk på blimed.no og salaby.no

Frå 5. oktober opner dei digitale bøssene for innsamling.