Digitale foreldremøte

I februar skal Knappskog skule gjennomføre eit foreldremøte på kvart trinn. Møte, som skal ha ein trivselsfremjande profil, er eit ledd i det viktige skule-heim samarbeidet til skulen, og foreldrekontaktane på trinnet skal vere medspelarar i organiseringa av møta.

Klikk for stort bilete

Sidan vi i år er i ein spesiell situasjon med pandemi, noko som gjer at vi ikkje kan arrangere fysiske foreldremøte på skulen, så vil desse møta bli gjennomførte digitalt på kvart trinn. Kontaktlærarane på trinnet vil i god tid før møte sende ut informasjon i Transponder med lenke til møte, samt tidspunkt og innhald. Rektor oppfordrar foreldrekontaktane til å ta kontakt med lærarane i forkant av møte dersom dei har innspel til tema som kan vere viktig å ta opp med foreldra på det aktuelle trinnet. Vel møtt :-)

 

Med venleg helsing Odd Erik Kjeldstad, rektor.