Billegare SFO for familiar med låg inntekt

Du kan no søkje om reduksjon i foreldrebetaling for SFO for elevar i 1. og 2. klasse dersom hushaldninga di har låg inntekt. Ordninga gjeld frå 1. august 2020. 

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Colourbox

For å søkje om redusert foreldrebetaling i SFO må inntekta til hushaldninga vere lågare enn kr. 485 833,-

Det er enkelt å søkje, og du slepp laste opp vedlegg då Øygarden kommune hentar inn likningsopplysningar som er nødvendig for å behandle søknaden din.

Dersom du likevel har andre opplysningar om hushaldninga si inntekt som ikkje kjem fram av skattemelding må du laste inn dokumentasjon på dette og sende inn elektronisk saman med søknad.

Foreldrebetalinga for eitt skuleår skal ikkje utgjer meir enn maksimalt seks prosent av hushaldet si inntekt siste året, eller at det har blitt ein varig nedgang i inntekta til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga utgjer meir enn seks prosent av inntektene.

Første faktura for SFO for skuleåret 2020/2021 blir sendt ut i midten av september. Søk innan 1. september for å få redusert betaling allereie frå første betalingstidspunkt. Blir det søkt etter 1. september, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.

Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling SFO 

Søknadsbehandlinga


Forskrift til opplæringslova – Reduksjon i foreldrebetaling for elevar på 1. og 2. trinn