I samband med «Friluftslivets uke 2020» inviterer Øygarden kommune innbyggjarane til tur med meining der deltakarane ryddar avfall langs strendene og i skjergarden vår.

Nå er det klart for bestilling av skulemjølk for inneverande skuleår.

Folkehelseinstituttet oppmodar alle skular og barnehagar i landet til å ta del i nasjonale halvårlege aksjonar mot hovudlus som blir arrangert årleg i veke 10 og 35. Vår skule skal delta i veke 35, helga 29. og 30. august.

Nasjonale smittevernråd for skoleskyssen omtales i smittevernveilederne for skoler, og er noe annerledes enn de generelle reiserådene som gjelder for ordinære reisende og kollektivtrafikken generelt. Per i dag er skolehverdagen kategorisert til «gult nivå», noe som innebærer at skoleskyssen kan gjennomføres med tilnærmet fullt utnyttet kapasitet.

Foreldremøte på 1. trinn vart utsett som følgje av sjukdom. Nytt møte blir måndag 7. september kl. 18.00 i allrommet. Vel møtt!

 

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. 

Inntil vidare kan mellom anna bassenga ikkje nyttast på kveldstid. På biletet ser du bassenget på Ågotnes.

Inntil vidare vert det ikkje mogleg å nytta gymnastikksalar, symjehallar, klasserom, allrom og andre kommunale bygg på ettermiddags- og kveldstid.

 

Som følgje av Covi19 pandemien så kan ikkje skulen i år gjennomføre felles foreldremøte slik vi pleier.

Det nærmar seg skulestart og mange gler seg veldig til å treffe igjen leikekameratane og dei vaksne på skulen. Vi gler oss og veldig til å sjå alle igjen! Dessverre er situasjonen slik at vi enno ikkje kan drifta skulen heilt som normalt, og her kjem litt informasjon frå skulen i samband med skulestart.

Velkomen tilbake til skulen måndag 17. august. Elevar på 2.-7. trinn startar opp til vanleg tid, 0840. Elevar på 1. trinn startar kl 0900.