På Knappskog skule brukar vi Transponder som digital meldingsbok. For å få tilgang til denne loggar du på transponder.no på nett, eller lastar ned appen «Transponder meldingsbok» i Google Play eller App store.

Kvart år i mai er det ein nasjonal matematikkonkurranse som heiter Kikora Mattemaraton. Her er målet at kvar elev skal rekne så mange maratonløyper med matematikkoppgåver som mogleg og gå så mange maraton-distanser som mogleg. 

Leiar i elevrådet på Ulveset skule, Oline Kaalaas, tek imot ballen frå ordførar Tom Georg Indrevik. Nedanfor ser du bilete frå dei andre skulane.

I løpet av ei god vekes tid leverte ordførar Tom Georg Indrevik ut berekraftsball til alle skulane i kommunen. 

  

I høve vedtektene for SFO, skal ferie SFO ha ope heile sommaren. Sjå vedtekter på heimesida til Øygarden kommune. Det har vore oppe ei sak til politisk behandling om vedtektene skal endrast, slik at ferie SFO heldt stengt i juli. Saka skal opp til ny politisk behandling i høve dette 29. april.

Velkomen til digitalt informasjonsmøte om oppstart ved Fjell ungdomsskule for 8. trinn hausten 2021. Denna informasjonen gjeld for foreldre og føresette på 7. trinn.

I veke 11 og veke 12 skal Knappskog skule gjennomføre utviklingsamtalar.

I perioden 8. mars til 16. april skal 1.-3. trinn gjennomføre nasjonale kartleggingsprøver i lesing og rekning. I tillegg skal 3. trinn gjennomføre elektronisk kartleggingsprøve i engelsk.

I februar skal Knappskog skule gjennomføre eit foreldremøte på kvart trinn. Møte, som skal ha ein trivselsfremjande profil, er eit ledd i det viktige skule-heim samarbeidet til skulen, og foreldrekontaktane på trinnet skal vere medspelarar i organiseringa av møta.

Det er no klart for innskriving til 1. trinn for neste skuleår.