Med oss på denne opninga hadde vi Jan Utkilen, som har det politiske ansvaret for innhaldet i oppvekst. Han representerte politisk leiing denne dagen. Arne-Magne Fjell, prosjektleiar-investering i Øygarden kommune, og Trond Heggestad, assisterande kommunalsjef, Oppvekst var også til stades.
Ida Helen klipte snora saman med tilsett Gitte Bjorøy. Det nye bygget vårt er dermed offisielt opna og vi kan fortsetja det viktige arbeidet vi gjer i barnehagen vår.
Vi i Klokkarvik barnehage er glade for og stolte over det vi har fått til. NATUR OG GLEDE er viktig for oss, og dei to siste åra har vi jobba med å sertifisere oss med Grønt flagg. Vi har då miljøaktivitetar som vi dokumenterer. Hovudtema for grønt flagg barnehageåret 2021/2022 er sunt kosthald og fysisk aktivitet. Vi er godt i gang med dette, og barna har blant anna vore med på å ta opp poteter, vi har eigne eple som vi har ete frå kjøkkenhagen vår. Vi er sjølvsagt mykje ute i naturen og legg vekt på fysisk aktivitet.
I løpet av hausten vil vi og få på plass eit drivhus som vi skal bruka for å gje barna enda meir kunnskap om temaet vårt.
Vi gler oss til eit nytt og innhaldsrikt barnehageår, med eit nytt flott bygg som vi vil ha mykje glede av.
Tekst og foto: Vibecke Elisabeth Gunby, styrar
Fotogalleri