Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

Om læreplass i kommunen

Ønskjer du å ta fagbrev eller kompetansebevis, kan du senda søknad eller kontakta oss for meir informasjon.

Som lærling i Øygarden kommune inngår du lærekontrakt og tar delar av utdanninga i ein eller fleire av arbeidsstadene i kommunen. Lærlingar har rettar og pliktar som andre tilsette. Læretida vert avslutta med ein fagprøve.

Hos oss har vi trygge og gode arbeidsstader for lærlingane våre. Dei får variert og god opplæring, dyktige rettleiarar og nettverksmøter.

Vi har mange barnehagar og skular, institusjonar innan helse og omsorg, servicetorg,
IKT-avdeling, storkjøkken og eigedomsavdeling.

Vi kan tilby læreplass innan desse områda

Om søknadsprosessen

Du kan søkja læreplass i Øygarden kommune via våre heimesider eller via MinID på www.vigo.no.

Fleire vegar til fagbrev | Bli lærling! Ta fag- eller sveinebrev

Søknadsfrist

Øygarden kommune tek inn lærling kontinuerlig, men søkjer vanlegvis etter lærlingar i januar/februar. Det vert annonsert på heimesida til kommunen, FINN.no, Bergens Tidende og Vestnytt.

Her finn du oversikt over ledige stillingar (lenk til Visma rekruttering)