Ordensreglement

Alle skular skal ha eit ordensreglement. Opplæringslova § 2.9.
Forskrift til Opplæringslova § 3-5
Ordensreglementet er ei forskrift.  Forvaltningslova §2, §37, §38
Reglement R-skriv 07-2005 frå Utdanningsdirektoratet er lagt til grunn.
Skulane kan ha utfyllande reglar. Elevar, føresette, lærarar og skuleleiinga bør delta i utforminga av desse reglane.

  1. Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Opplæringslova § 9a. 1 og 4
  2. Alle elevar har rett til eit mobbefritt miljø der alle har medansvar for at ikkje nokon opplever  krenkande og ulovleg åtferd frå andre.
  3. Alle elevar har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei. Opplæringslova §2.9. og 3.7.
  4. Alle elevar skal vise omsyn og respekt for andre, bidra til arbeidsro i timane og syne respekt for undervisninga.
  5. Alle elevar møter punktleg og førebudd til timane.
  6. Elevar skal ikkje ha med eller bruke farleg reiskap på skulen.
  7. Det er forbode å ha med eller bruke rusmiddel på skuleområdet. Dette gjeld også arrangement utanom skuletida. Opplæringslova §9.5.
  8. Elevar skal ikkje bruke mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr  i skuletida – dette skal vere avslått og liggje i sekken.

Konsekvensar ved brot på ordensreglane

  • Samtale, munnleg eller skriftleg åtvaring frå lærar/inspektør/rektor
  • Melding til dei føresette, møte med dei føresette
  • Bortvising i inntil 3 dagar (gjeld ungdomssteget). Elevar på årstrinna 1 – 7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Foreldra til elevar på barnetrinnet skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.  (Opplæringslova §2.10 – Bortvising,  enkeltvedtak med klagerett)
  • Gjensitting eller parade
  • Skifte av gruppe, klasse, skule
  • Nedsett karakter i orden og åtferd
  • Inndraging av mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr – vert levert tilbake ved slutten av skuletida same dag.
  • Skadeverk medfører at eleven må rydde opp /utbetre skaden og dei føresette er erstatningsansvarleg for inntil kr. 5000  (skadeerstatningslova §1.2)
  • Inndraging av ulovlege eller farlege gjenstandar og evt. levering av desse  til politiet
  • Ved lovbrot vil rådmannen vurdera å melda saka til politiet (kommunal prosedyre).

Presiseringar

Krenkande og ulovleg åtferd er til dømes:

  • fotografering av medelevar og leggje bileta på nettet, negativ omtale på nettside
  • negative sms , mms, chat, epost, ryktespreiing
  • rasistiske utsegn og handlingar
  • seksuell trakassering
  • sjikane på grunn av religion, legning eller livssyn
  • hærverk
  • valdsbruk
  • mobbing
  • trugsmål

Farleg reiskap er til dømes

  • Gjenstandar som kan brukast til å skade andre t.d. knivar, stikkereiskap, våpen av ulike slag

Rusmiddel

Nulltoleranse for tobakk og andre rusmiddel.

Dat. 07.03.2007 - Rev. 11.05.10 2010, KDD