Utset bruk av kommunale bygg ettermiddag/kveld

Inntil vidare vert det ikkje mogleg å nytta gymnastikksalar, symjehallar, klasserom, allrom og andre kommunale bygg på ettermiddags- og kveldstid.

Inntil vidare kan mellom anna bassenga ikkje nyttast på kveldstid. På biletet ser du bassenget på Ågotnes. - Klikk for stort bileteInntil vidare kan mellom anna bassenga ikkje nyttast på kveldstid. På biletet ser du bassenget på Ågotnes.  

Desse bygga kan ikkje brukast til trening og øving før tidlegast 1. september på grunn av endra koronasituasjon. Dette gjeld for all bruk etter skuletid. Den lovpålagte drifta på skulen går som normalt.

Inntil vidare kan ein nytta idrettshallar, uteanlegg og fotballbanar som normalt, i samsvar med utleigeplanar for 2020/2021. Det vert fortløpande oppdateringar på heimesida og Facebooksida til Øygarden kommune.

Det vert minna om at det er svært viktig å følgja nasjonale og kommunale retningslinjer for smittevern og korleis trening og kampar skal gå føre seg. Her er også retningslinjer frå eige idrettsforbund. Ved brot på disse retningslinjene, kan bygg og anlegg bli stengt på kort varsel.