Konsekvensar av eventuell busstreik

Skyss melder at streikevarselet omfattar alle organiserte bussjåførar i Vestland og vil etter det Skyss kjenner innebera at skuleelever ikkje kan basera seg på å reisa med buss til/frå skulen dersom streiken blir eit faktum.

Klikk for stort bilete

Skuleskyss med drosje vert i utgangspunktet gjennomført som normalt så lenge heile reisa normalt vert gjort med drosje. For elevreiser der drosjetransporten er tilførsel til ein bussavgang, vil i utgangspunktet ikkje drosjetransporten verta gjennomført.

Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane, håpar at mange føresette kan hjelpa til med skyss til barna sine.

- Vi ber om at skule og heim har tett og god dialog slik at elevane får undervisning sjølv om dei ikkje kjem seg til skulen så raskt som ønskeleg. Skulen treng gjerne litt tid på seg til å få overblikk og få på plass eigne lærarkrefter. Ved lengre fråvær har elevane rett på fjernundervisning, seier kommunalsjefen.


Tekst: Vigleik Brekke