Informasjon om smitteverntiltak for skuleskyssen

Regjeringa har innført raudt nivå for alle vidaregåande skular og ungdomsskular frå 4. januar og førebels i to veker framover. Dette inneber mellom anna a offentleg transport bør avgrensast, men elevar som er avhengige av skuleskyss kan ta buss eller anna transport for å koma seg til skolen.

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto 

Det er nasjonale/lokale retningslinjer for kollektivtransport som gjeld for skuleskyssen, både på gult og på raudt nivå for alle trinn i skulen.

Her kan du lesa heile skrivet Vestland fylkeskommune v/ Skyss den 4. januar sende ut til kommunane om skuleskyss (PDF, 147 kB)