Cool kids meistringskurs - for barn i 5. - 7. klasse

Det er vanleg at barn og unge opplever engstelse i ulike situasjonar og i periodar. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer i ein periode før den slepp taket. For nokon blir dette likevel vedvarande plager som får følger for dagleg fungering i familien, på skulen og/eller på fritida.

Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete: Mostphotos

For barn på mellomtrinnet er typiske vanskar at ein kvir seg for å vere heime aleine, kvir seg for å ligge aleine på rommet sitt eller for å reise på overnatting, er redd for å gjere feil eller få kjeft, vere redd for at noko skal skje med foreldrene, engstar seg for å ta kontakt med andre barn eller at ein har meir spesifikke fryktar for t.d. naturkatastrofer, dyr, sprøyter osv.

Om kurset

Cool-Kids er eit behandlingsprogram med mål om å hjelpe barn med å handtere engstelse, med støtte frå føresette.

Barn og foreldre møter først til ein screeningssamtale der ein og definerer mål for deltakinga. Barna møter så til samling ein gong i veka, tilsaman 8 samlingar à 90 min. Gruppa vil vere på ca 6-8 barn frå heile kommunen. Deltakarane vil få utdelt ei arbeidsbok som vil bli brukt aktivt både i og mellom gruppesamlingane. I løpet av samlingane vil barna lære seg ferdigheiter som dei skal trene på heime, med støtte frå foreldre.

Foreldre møter til 2 eigne samlingar på ettermiddag/kveld, for å lære meir om korleis dei kan vere til støtte og hjelp for barna.  

Cool-Kids programmet er har eit godt fundert forskingsmessig grunnlag, og er tilpassa bruk i Norge av NORCE/RKBU Vest.

Tid og stad

Måndagar kl.13.30 – 15.00. på Straume Helsestasjon.

Oppstart måndag 19.oktober 2020.

Påmelding

Påmelding til kurshaldarar:


NB! 

Drop-in kurs for foreldre/lærarar om «Korleis støtte engstelege barn» 1. september kl. 17.30 - 19.30 Kultursalen, Øygarden rådhus, Straume.