Cool kids - for barn med engstelse

Klikk for stort bilete 

Det er vanleg at barn og unge opplever engstelse i ulike situasjonar og i periodar. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer i ein periode før den slepp taket. 

For nokon blir dette likevel vedvarande plager som får følger for dagleg fungering i familien, på skulen og/eller på fritida.

For barn på mellomtrinnet er typiske vanskar at ein kvir seg for å vere heime aleine, kvir seg for å ligge aleine på rommet sitt eller for å reise på overnatting, er redd for å gjere feil eller få kjeft, vere redd for at noko skal skje med foreldrene, engstar seg for å ta kontakt med andre barn eller at ein har meir spesifikke fryktar for t.d. naturkatastrofer, dyr, sprøyter osv.

Om kurset

Cool-Kids er eit behandlingsprogram med mål om å hjelpe barn med å handtere engstelse, med støtte frå føresette.

 

Mer info her:

Cool Kids infobrev2020 (DOCX, 207 kB)