Bli med på tur med meining

I samband med «Friluftslivets uke 2020» inviterer Øygarden kommune innbyggjarane til tur med meining der deltakarane ryddar avfall langs strendene og i skjergarden vår.

Klikk for stort bileteKenneth Bruvik

Strandryddingsaksjonen startar opp laurdag 5. september og vert avslutta sundag 13. september.

Det vert levert ut sekker på biblioteka/innbyggjarservice i Skogsskiftet og på Straume og Rong. Også ØyVAR deler ut sekker.

Tekst og foto: Vigleik Brekke
Video: Farshid Amini